Chamonix 2025

Kven: Rob, Arve

Chamonix har tett konsentrasjon av bra klatring og mennesker. Dette skapar åpenbare mogelegheiter og problem.

Vi marsjerte inn til 'Envers des Aiguilles', som går via ein litt lang via ferrata. Tok oss ca 2.5 timar, med ein 20 minutt omveg der vi marsjerte forbi innsteget til via ferrataen. Den er enkel å sjå: ei stor gul metallflate skrudd på veggen.

Eg hadde med dobbelt rack, nokre microcams, to halvtau (sidan vi skulle være 3 -- singeltau er kulare), ein lakenpose, varme sokkar, dunis, vindjakke og ganske mykje cash. Frokost, lunsj, middag og overnatting endar på noko sånt som 84 euro per natt.

Det var nogelunde dekning inne på hytta, samt ein liten ladestasjon med 220V.

Le marchand de sable

Veldig fin rute på Tour Rouge.

Denne ruta er nok ganske sandbagga -- 6a+ minnar nok litt meir om 6c. Om du er veldig solid på svasmøringa og veit nøyaktig kvar taka er så kan den framstå som nogelunde rett gradert. Eg trur mange drar på boltane på første taulengda. Siste taulengde er utruleg fin, og er ein fin test om du har øvd sva. 6a+-en midt i ruta som startar i ein tynn sprekk er veldig bra.

Amazonia med Guy-Ann-avslutning

Veldig fin rute på Première pointe des Nantillons Rock Climbing

. Mykje sva og greier.

Travers av Grand Perron, vest til aust

Fin travers.

Majorette Thatcher

Legendarisk rute