Minneruta

Nirvanaveggen


Foto

Parkering

Her

Generelt

Gradering er vanskeleg, så om du går på ruta og det føles litt tåpeleg lett eller tåpeleg vanskeleg ut, så tek eg gjerne imot tilbakemelding -- vi får prøva å verta einige.

Eg ynskjer å understreka at sjølv om eg har satt ein bolt her og der, så har ruta ein eventyrleg karakter. Det betyr, blant anna, at du bør være erfaren nok til å sjå sikringsmogelegheiter, og at du ikkje naudsynt får flust av sikringar overalt: dei sikringane du legg bør med andre ord være gode. I tillegg så er det nokre parti av lausare karakter: vi har hala og dradd i det meste, så det som sit att er i hovudsak fast. Du bør likevel klatre med ein viss andakt.

Utstyr

Ruta er primært sikra med naturlege sikringar, men nokre boltar her og der har vi brukt for å sy saman interessante seksjonar. Førstebestigar-racket bestod av eit sett microcams, eit sett totems med dobling på lilla, dobbel grøn og raud, samt ein gul og blå camalot. 6 kortslynger, 6 alpine. Ruta har 5 komfortable, bolta standplassar.

Innsteg

I venstrekant av veggen, nokre meter til venstre for ei ganske markert renne som går gjennom heile veggen. Om du er litt skarpaugd ser du fyrste bolten på svaet over noko litt grumsete klyving og 2 grantre.

Retur

Rapell ned ruta att er nok det lettaste. Anbefalar ein kort rappell ned til fjerde standplass, 1 lang til andre, og nok ein lang til fyrste standplass.

Taulengder

  1. Lengde 1, 6+: Det finst eit par variantar av denne fyrste lengda. Førstebestigerane klauv opp til venstre for granene, for så å krysse over og inn i ein kul diederformasjon, før du svinger til venstre ut på svaet (bolt) og tek sikte på sprekken.
  2. Lengde 2, 7-: Her er det berre å fylgja den fine sprekken opp til venstre for standplassen.
  3. Lengde 3, 6: Ut takoverhenget og vidare oppover til ein bolt, før du følgjer eit vagt sprekksystem opp og til høgre for eit lite takoverheng. Ny bolt og noko run-out grums.
  4. Lengde 4, 8-: Veldig artig teknisk sniking på lister til høgre for boltelinja. Dette er nok flytt-for-flytt rutas crux. Ein clipstick kan være kjekk for å komme seg forbi vanskane her, om blodkrimping på granitt ikkje var på ønskelista. Følg boltane oppover, med ein og annan cam og kile ispedt.
  5. Lengde 5, 6+: Denne taulengda ser nok mykje skumlare ut enn den er: du skal rett opp (noko runout) til ein bolt, for så å traverser høgre og følge buen til sin naturlege ende før du klipper ein ny bolt og trekker deg litt forsiktig opp blandt skarpe kantar til toppen.

Back to front page