Panama

Saghatten, FFA 2024 A. Stavø / ORS. Lykkebø


Foto

Parkering

Google Maps lenkje

Generelt

Gradene er berre forslag frå førstebestigarane.

Utstyr

Vanleg rack, doble opp til grønn Camalot. Kjekt med nokre småkilar.

Innsteg

Rett til høgre for ei renne full av grums.

Retur

Like greit å berre rusle nedatt på baksida av saghatten, i allefall om du har parkert der eg foreslår.

Taulengder

  1. TL 1, 6ish: Start opp det åpenbare hjørnet -- følg til endes, før du tek ein travers til venstre, forbi eit horn du kan slynge og snike deg opp på hylla over, der det gir mest meining å sette stand på høgre side av ein liten pillar.
  2. TL 2, 7ish: Fortset opp det venstreleande hjørne som avslutter med eit par relativt tunge flytt. Vel oppe på hylla traverserar du tilbake mot høgre og tek opp første hjørne som byr seg. Stand på hylle med nokre små tre.
  3. TL 3, 5: Fint og greit svaparti. Klatre det høgrevendte hjørnet og rund taket til høgre.
  4. TL 4, 7: Start opp ei hylle med ei lita furu. Sikt på eit markert lite tak (ca 0.5 x 0.5m), gå til høgre for dette. Eit litt tynt sikra svaflytt tek deg inn i cruiserterreng til neste stand.
  5. TL 5, 7: Traverser eit par meter til høgre, sikt mot eit hallande takoverheng. Brekk deg gjennom, og fortset opp hjørneformasjonen. Når formasjonen er i ferd med å stikke av ut til høgre, klatrar du til venstre opp på mosehyller.
  6. TL 6, 2-3: Vassing til toppen.

Back to front page